Foto: Ragnhild Utne

Line Nagell Ylvisåker

Eg er journalist, forfattar og føredragshaldar på Svalbard. Øygruppa er full av spennande folk, historier, forsking, næringsliv, kunst, kultur, festivalar og geopolitiske problemstillingar. Alt dette midt i ein mektig natur i stor endring.

Etter nesten fem år som frilansar og forfattar går eg i januar 2023 tilbake som redaktør i Svalbardposten, der eg har jobba i tolv år tidlegare.

Svalbardsamfunnet

Visste du at menneske frå heile verda kan slå seg ned på Svalbard utan visum eller løyve til opphald? Longyearbyen var lenge ein «company town» med nesten berre norske kolgruvearbeidarar. I dag bur det folk frå meir enn femti land der, thailendarane er den nest største folkegruppa.

Dette er ei forteljing om eit heilt spesielt samfunn, om lover og reglar som ikkje gjeld, og om kva det gjer med menneska som kallar Svalbard heime.

Les meir om boka her!

Svalbard_forside3.jpg

Bok på fire språk

Våren 2020 debuterte eg med boka Verda mi smeltar. Å leve med klimaendringar på Svalbard. Den er òg gitt ut i Tyskland og Sverige. Våren 2022 kom den på engelsk. Du kan lese meir om boka her.

Barnebok 9-12 år

Våren 2022 ga eg ut barneboka Foxi - Sledhunden ingen ville ha. Les meir om den her.

Utdanning:

Bachelor i journalistikk frå Oslo Met og master i journalistikk frå Universitetet i Oslo. I tillegg har eg studert idrett, og eg har studiepoeng i Svalbards historie, økonomisk styring, finansiell analyse og marknadsføring.

Eg er 40 år, kjem frå Sogndal, men har budd i Longyearbyen dei siste 16 åra. Her har eg bygd hus og kjøpt snøskuter, kajakk og sparkstøtting saman mannen min Trond og ungane Lotte (9) og Nor (7).

Prisar:

I 2017 fekk eg og Hilde Røsvik journalistprisen til Troms journalistlag for ein artikkelserie om skredet i Longyearbyen i 2015.

I 2018 fekk eg Landslaget for lokalaviser sin journalistpris for ein artikkelserie om reiselivet på Svalbard og arbeidsvilkåra til guidane.

KONTAKT:

line(at)ylvisaaker.com

Telefon: +47 959 48 554