



























Kol frå Gruve 7 i Longyearbyen blir lasta og skipa til metallurgisk industri i Europa.

Mia Slettås har vore i gruva i over seks månader og har fått gul hjelm. Då kan ho reise rundt i gruva aleine.

Mia Slettås er industrimekanikerlærling. Trond Olsen lærer henne både mekanikarfaget og arbeidarkultur.

To små kroppar i soveposene sine og ein mann som fyrar Andersenhytta varm. Betre kan det knapt bli.

Når snøen ikkje legg seg på hausten og det er turt og fint, kjem sand kvervlande med vinden. Det knasar i tennene.

Til saman rundt 140 bueiningar blir rivne grunna skredfare eller for å gi plass til skredsikring.

Hytta i Skansbukta med badehandkle som heng til tørk og teppe som stenger ute midnattsola og litt av varmen.

Fire dagar på rad var det varmare enn 20 grader. Me reiste til Skansbukta. Ungane bada og sprang rundt i pysjen. Dei einaste kleda som ikkje var for varme.

25. juli vart det sett ny varmerekord på Svalbard. 21,7 grader. Det lukta annleis, tykte ungane.

Her held Harald A. Soleim til. Han skulle berre ha ei overvintring og lære seg portugisisk for så å padle Amazonas. Det er meir enn 40 år sidan.