Samlaget 2023
Endestasjon lengst mot nord.
Journalist Line Nagell Ylvisåker har budd på Svalbard sidan 2005. Ho har hus og familie der, men ein gong må ho flytta derifrå. Det er ikkje lagt opp til at ein skal bu på øya heile livet, Svalbard har ikkje fastlegar eller sjukeheimar. Line er norsk statsborgar og kan flytta til fastlandet når ho ønskjer, men ikkje alle har den moglegheita.
Svalbardtraktaten i 1925 gjorde øygruppa Svalbard til ein del av Noreg, men også heilt annleis. Det er den einaste staden i verda der menneske kan slå seg ned utan visum eller opphaldsløyve. Alle kan busetja seg der, men ein må ha jobb eller pengar nok til å brødfø seg, og ein stad å bu. Utan det blir ein send heim av politiet. Det bur berre litt over 3000 menneske på heile øygruppa. Den norske busetnaden Longyearbyen er blitt ein smeltedigel av folk frå fleire enn femti nasjonar. Delen ikkje-norske aukar raskt. Den nest største folkegruppa kjem frå Thailand. For dei finst det ikkje noko tryggleiksnett, berre ein brutal arktisk natur. Svalbard skal ikkje vera ei bakdør til Fastlands-Noreg. Asylsøkjaren Omid fekk ikkje opphald i Noreg, reiste til Longyearbyen og er ein fri fange i ishavet. Tenåringsjenta Varisa er norsk i språk og kultur, men har thailandsk pass og dermed ingen rettar i Fastlands-Noreg.
Berre 40 kilometer vest for Longyearbyen ligg den russiske busetnaden Barentsburg. Der har russarar og ukrainarar budd side om side sidan 1930-åra. Etter krigen i Ukraina er både arbeidarar og leiing skifta ut. Fleire av Putins motstandarar har flytta til Longyearbyen.
Kjøp boka her, eller i din lokale bokhandel.
Samlaget 2022
Sommaren for tolv år sidan vart polarhunden Foxi fødd på Svalbard. Hunden var liten og svak og åt dårleg. Eigaren, den ivrige hundekøyraren Tommy Jordbrudal, tenkte at han ikkje kunne bruke henne som sledehund. Han ville kvitte seg med Foxi, men ingen ville ha henne.
Då Foxi var tre år, skulle Tommy delta i verdas tøffaste og lengste hundeløp, Iditarod. Tommy var ekstremt uheldig. Før start vart heile tre av hundane som kunne leie hundespannet, sette ut av spel. Tommy hadde ikkje noko val. Vesle Foxi måtte trå til. Å sette Foxi fremst i hundespannet, utan at ho hadde trena på det, var galskap. Korleis skulle det gå? Tommy var livredd på startstreken. Foxi skulle finne vegen gjennom snøstorm og over høge fjellpass. Underleg nok likte Foxi seg betre di meir krevjande løypa vart. Foxi synte seg å vere den klokaste, modigaste og beste hunden Tommy nokon gong hadde hatt.
Dette er ei forteljing om Foxi, men også om hundekøyring, sledehundar, Iditarod og det heilt spesielle forholdet mellom hund og menneske.
Barnebok for aldersgruppa 9 til 12 år.
Ynskjer du å kjøpe signert bok med helsing? Send ein epost til line@ylvisaaker.com
Eller kjøp boka her! Den finst også som lydbok.
Meldingar:
Nynorskbok.no: Dette er varm og spennande sakprosa på 95 sider, som høver for målgruppa mellomtrinnet. Boka har nydelege og forklarande fotografi og illustrasjonar, og ein innbydande og tydeleg layout. […] Boka kan høve i arbeid med dei tverrfaglege temaa berekraft, folkehelse og livsmeistring. Ho eignar seg også innanfor nynorskdidaktikk og naturfag. Eg vil verkeleg tilrå å bruke denne boka med elevar og i klassen. Ho egnar seg særs godt til høgtlesing med ro.
Foreningenles.no: – Ei fin sakprosabok om ei lang reise, tøffe prøvelsar og eit stort venskap med ein firbeint. For dette er historia om den spede polarhunden Foxi som ingen har tru på, men som overraskar alle med å bli ein sledehund i verdsklasse.
Presse Foxi:
Svalbardposten: Historien om Foxi - den stygge andungen - Svalbardposten
Se og Hør: Kronprinsesse Mette-Marit: Falt pladask for hunden ingen ville ha
NRK: Polarhunden Foxi tok med kronprinsparet på tur på Svalbard
Svalbardposten: Svalbards største kjendis?
Samlaget 2020
Boka er også solgt til tyskland og sverige. I juni 2022 kom den på engelsk.
Verda mi smeltar
I 2015 gjekk det eit digert snøskred midt i Longyearbyen. Ei jente og ein familiefar døydde. Hausten etter gjekk det fleire jordskred, før eit nytt snøskred rasa inn i eit hus i sentrum. Noko er gale på Svalbard. Sidan 1961 er øygruppa varma opp seks gonger raskare enn verdsgjennomsnittet.
Line Nagell Ylvisåker har bygd hus i Longyearbyen, fått to ungar der og kallar plassen for heime. Brått kjenner ho seg uroleg når det er varsla uvêr. Kva i alle dagar skjer med byen hennar?
På leit etter svar snakkar ho med skredvarslingsmeteorologen som sjølv vart gravlagd i snømassane i 2015. Ho oppsøker ein fangstmann med 40 overvintringar bak seg, reiser på tokt for å forstå havstraumane, jaktar fossil frå dei historiske Svalbard-skogane og støyter på tre isbjørnar på tur med ungane. Gjennom året følgjer ho òg arbeidet med å sikre Longyearbyen mot naturfarane.
Dette er ei forteljing om stigande uro og om å leve midt i klimaendringane.
Signert bok eller føredrag:
Eg har besøkt litteraturfestivaler og har halde føredrag på vidaregåande, bibliotek, for ulike firma og høgskule. Ta gjerne kontakt om de ynskjer føredrag om klimaendringer og/eller Svalbard eller signerte bøker: line(at)ylvisaaker.com
Presse i Noreg:
Høyr meg fortelje om boka her på denne podcasten frå NRK Ekko: Isbjørnene kommer nærmere
Dagbladet: Hva pokker er det som skjer?
Dagsavisen: Hun lever der klimaet endrer seg raskest
Klassekampen: Skummelt om vêret
Framtida.no: Etter skredet gjekk Line Nagell Ylvisåker på jakt etter svar
Svalbardpostens intervju med meg kan du lese her!
Kvifor bok på Kulturplot.no: – Eg vart uroleg og fekk behov for å forstå kva som skjedde med vêret
Sogn Avis: Line 37 frå Sogndal bur på eit Svalbard i dramatisk endring No har ho skrive bok om det.
Meldingar:
Klassekampen: «Denne lettlesne og engasjerande boka burde ha stort potensial til å skape forståing for alvoret blant fleire.» Merete Røsvik
Dagbladet: «Temperamentsfullt og personlig.» Marius Wulfsberg
Altså:«Verda mi smeltar av Line Nagell Ylvisåker gir en lettfattelig og skremmende innsikt i hvordan klimaendringene påvirker Svalbard - og hva det har å si for klimaet i hele verden at temperaturen stiger så raskt i arktiske strøk. En pageturner i dokumentarsjangeren.» Redaksjonen
Stern: «Ei bok som ein oppsiktsvekkande dokumentarserie»
Bild Online: «Journalisten skriv om klimaendringane i detalj, roleg. Ei sterk bok som berører deg»
Die Presse: «[...] til tross for alt det urovekkjande, behageleg nøktern og presis»
SRF Tagesschau: «Imponerande skildrar forfattar Line Nagell Ylvisåker denne katastrofen, konsekvensane, årsakene [...]»
3SAT Kulturzeit: «Ei gripande, kraftig bøn mot klimakatastrofen»,
Frankfurter Allgemeine Zeitung: «Presentasjonen i reportasjestil er særs levande»,
Spektrum der Wissenschaft Online: «Du kan raskt sjå at forfattaren har lært handverket sitt.»
Bremervörder Zeitung: «Ein alarmerande rapport»
Focus: «Ein rapport frå fronten om kampen mot klimaendringar, opplysande og rørande.»
Büchermagazin: «Ylvisåkers bok informerer og berører»
Deichman.no: «Intenst og innsiktsfult fra en norsk utpost.»
Jeg tror vi trenger de personlige historiene for å fatte de voldsomme endringene vi står overfor her på jorda. Ylvisåker skildringer fra Svalbard gir oss nettopp det, både gjennom hennes egen opplevelser og i møte med andre. Denne øya slutter ikke å fascinere, og er et tydelig bilde på at store forandringer allerede er i ferd med å skje.
Passer for deg som ... vil lese om menneskene bak overskriftene.» Nora, Deichman
Til Sverige
Redaktør Emiliano Sener i det svenske forlaget Modernista skriv:
«It is a book that is just right for its time. It addresses the climate issue from an “ordinary person” perspective, but finds answers through investigative journalism - easily understandable. A really good and important book!»
Tyskland
Redaktør Sarah Houtermans i forlaget Hoffmann und Campe skriv:
«I was really taken by the urgency of Line Ylvisåker's MY WORLD IS MELTING. In a way it's like looking into the world's future when the consequences of climate change will be seen and felt everywhere! I especially liked her personal approach and the reportage like style. To make it short: we really look forward to publish "Verda mi smeltar" on our Hoffmann und Campe nonfiction list next spring!»
Tusen takk til agentane Thomas og Astrid i Northern Stories for at de sendte boka mi ut i verda.
Engelsk
Boka er omsett til engelsk av Kelsey Camacho og kjem til Longyearbyen i juni 2022.
Cover: Ragnhild Utne
Seat at the Table with Jack Harries
Presse i Tyskland, Sveits og Austerrike:
»Ihre Sätze sind Ausrufezeichen.« Karen von Guttenberg, Bild,
»Ein Buch wie eine aufrüttelnde Doku-Serie.« Katharina Kluin, Stern
»Ein packendes, eindringliches Plädoyer gegen die Klimakatastrophe.« 3SAT "Kulturzeit"
»Man merkt schnell, dass die Autorin ihr Handwerkszeug gelernt hat [...]. «Spektrum der Wissenschaft Online
»Ein Frontbericht vom Kampf gegen den Klimawandel, aufklärend und anrührend.« Focus
»[...] ein Appell voller Dringlichkeit. Line Nagell Ylvesakers Schilderung ist ein schonungsloser und zutiefst persönlicher Bericht [...].« Herbert Pardatscher-Bestle "Bücherrundschau"
»[...] die Darstellung im Reportagestil [ist] ausgesprochen plastisch.« Frankfurter Allgemeine Zeitung
»Eindrücklich schildert die Autorin Line Nagell Ylvisåker diese Katastrophe, ihre Konsequenzen, ihre Ursachen [...].« -- Eduard Erne ― SRF Tagesschau
»[Ylvisåkers] Buch berührt und informiert.« ― Büchermagazin
»[...] ein mehr als lesenswerter Tatsachenbericht, ein notwendiger Schrei nach Aufmerksamkeit.« ― the little queer review
»Ein alarmierender Bericht.« Anne Stürzer, Bremervörder Zeitung
»Keine Science-Fiction – Realität.« ― Greenpeace Magazin
Tysk og sveitsisk fjernsyn
Buchtip Kulturzeit, 3sat.de